Sist oppdatert: 18. juni 2018
Bruksområde:
Brukarvilkåra gjeld for all aktivitet via e-Boks AS brukarstøtte, både når du brukar chat-funksjonen, når du sender inn ei førespurnad utan å opprette ein profil og når du opprettar ein profil til bruk for all framtidig brukarstøtte.
Handsaming av personopplysningar:
Alle personopplysningar som samlast inn i e-Boks AS brukarstøtte handsamas i fylgje e-Boks AS sine retningslinjer for personvern https://www.e-boks.com/norge/nn/personvernerklaering/ og informasjonskapslar https://www.e-boks.com/norge/nn/informasjonskapslar/http
Om e-Boks brukarstøtte:
e-Boks brukarstøtte gjev deg tilgang til å kommunisere med eit brukarstøtte-team som tilbyr assistanse i samband med ei lang rekkje saker og førespurnadar.
Sletting:
Om du ynskjer å få sletta anten enkelte korrespondansar eller profilen din hos e-Boks brukarstøtte må du ta kontakt med e-Boks. Førespurnad om sletting skal sendast til brukarstøtte via kontaktskjema på e-boks.no.
Inaktivitet:
Ved inaktivitet i meir enn 5 år vert korrespondansane dine og profilen i e-Boks AS brukarstøtte sletta.
Mistanke om misbruk:
Om du blir merksam på eller får mistanke om uregelmessigheiter eller misbruk av tilgangen din til e-Boks AS brukarstøtte må du straks bytte tilgangskode og varsle e-Boks AS.
Innsending av personopplysningar:
Det er ditt ansvar at du berre skriv inn personopplysningar i dei felta som er meinte for dette. Om du skriv inn personopplysningar, som f.eks. personnummer, i emne- eller beskrivingsfelt samt i chat-funksjonen vil førespurnaden din bli sletta automatisk, og vil ikkje bli svart på.
Du vil få svar på førespurnadane dine til e-Boks AS brukarstøtte via e-post. Når du svarer på desse e-postane er det ditt eige ansvar at du ikkje inkluderer personopplysningar i svaret ditt. Personopplysningar må berre sendast inn etter tilvising frå brukarstøtte.
Bruk av chat-funksjonen:
Om du bruker chat-funksjonen til brukarstøtte er det ditt ansvar at du ikkje sender inn personopplysningar via denne kanalen. Førespurnadar der det er nødvendig å sende inn personopplysningar skal sendast til brukarstøtte via kontaktskjemaet.
Ansvarsavgrensing:
Du har sjølv heile ansvaret for dei meldingane du sender til e-Boks AS via e-Boks AS brukarstøtte. e-Boks AS er ikkje ansvarleg for tap som fylgje av ikkje rettmessig bruk, f.eks. om du har gitt andre tilgang til din profil på e-Boks AS brukarstøtte, eller om du har late vere å varsle e-Boks AS om uregelmessigheiter eller misbruk eller mistanke om dette.
Endringar i vilkåra:
e-Boks AS kan endre og oppdatere vilkåra ved kunngjering på https://brukersupport.e-boks.no/hc/nn. Dei nyaste vilkåra vil alltid vere tilgjengelige på e-Boks si heimeside. Om det er vesentlege endringar eller avgrensingar får du ei eiga melding om det via e-Boks AS med minst ein månads varsel.
Rettar:
Alt materiale i e-Boks AS, f.eks. namn, logoar, varemerke, grafikk, tekster, ikon, bilde, programvare osv., høyrer til e-Boks AS og samarbeidspartnarar og er beskytta av bl.a. varemerke-, opphavsretts- og marknadsføringsloven.
Lovval og verneting:
Tvistar som gjeld e-Boks AS brukarstøtte skal avgjørast etter norsk rett ved dei norska domstolane.
Kontakt: