I e-Boks er posten din verna med ei rekkje ulike komponentar og prosedyrar, som gjer det trygt for deg å bruke løysinga.
Alle tilgangsmekanismar nyttar fødselsnummer eller organisasjonsnummer som identifikasjon. Det same gjer avsendarane som sender post til deg. Fødselsnummer og organisasjonsnummer blir berre nytta til å logge inn, og til å levere post til deg i samarbeid med dei registrerte avsendarane.
e-Boks bruker eit godkjent tryggleikssertifikat som er integrert i dei fleste nettlesarar.
Dataa ein sender til og frå e-Boks, blir krypterte, slik at andre ikkje kan sjå dei. Ei sikker tilkopling oppnår ein ved å bruke tryggleiksprotokollen SSL (Secure Socket Layer), som er innebygd i alle moderne nettlesarar.
Posten i e-Boks blir oppbevart hos KMD, og det er berre nokre ganske få medarbeidarar i KMD som er særskilt autoriserte til å halde ved like, rette og teste dei aktuelle IT-systema.