Post, meldingar og liknande som du får tilsendt digitalt, har same juridiske rettsverknad når det gjeld mellom anna betalings-, aksept- og klagefristar, som dersom du hadde fått dei som vanleg brevpost.
Digital Post og e-Boks er lukka kommunikasjonssystem som krev at avsendarane blir validerte med eit kontrollert digitalt sertifikat. Det gir deg som mottakar tryggleik for at meldinga er ekte, og at avsendaren er kjend i systema.
Når du sjølv lagrar dokument i arkivet ditt, blir det rekna for å vere det same som ein kopi. Dei fleste stader er det allment akseptert at ein digital kopi av eit dokument er like gyldig som originaldokumentet, og ein godtek den digitale kopien.
Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at det enkelte stader vil bli kravd at du viser fram originaldokumenta. Det må du vere merksam på i samband med ei eventuell makulering av originaldokument. Er du i tvil, må du ikkje makulere originaldokumentet.